Eigersund Kirkelige Fellesråd

Hovedside

Aktuelle linker

Aktiviteter

Mykje aktivitet på Hellvik bedehus

Per Arne Sandvold, sept.-17

hellvik bedehus2.jpgFleire av oss er ikkje så godt kjende med kva som skjer på Hellvik bedehus. Menighetsbladet har derfor teke kontakt med leiaren for styret Ingvar Idsø for å høyre meir om kva dei held på med.

Han kan fortelje at det er stor aktivitet på bedehuset. Om lag 100 personar er innom på ulike arrangement i løpet av ei veke. Det er ulike lag og foreiningar som står for arrangementa. Det er også mogleg å leiga bedehuset til private arrangement.

Bedehuset er ei stifting som er etablert av bygda. All aktivitet er basert på frivillig innsats og dugnad. Bedehuset vert pussa opp for nokre år sidan, og styret er stolte av huset slik det no står fram. Ingvar Idsø er leiar av styret, Svein Helvig nestleiar, Laufey Gylfadottir sekretær, John Mange Aas kasserar, Marianne Skåra styremedlem og Kenneth Pedersen varamedlem til styret.

Aktivitetane på bedehuset famnar alle aldersgrupper. Den norske kyrkje har Gudsteneste minst ein sundag i månaden. Oppmøtet varierer sterkt. Når det er utdeling av bøker, presentasjon av komfirmantar, eller at f.eks. barnekoret syng, kan det vera vanskelig å finna plass til alle. I snitt er det ca. 50 som møter til gudsteneste. Vi har både nattverdsgudsteneste og julemesse. Vi har sundagskule ca. en gong i månaden. Vi har både Yngres, og Miniyngres annakvar mandag. I tillegg har Helselaget og NMS-kvinneforeining samling kvar sin mandag i månaden. Så mandagen er den desidert mest aktive dagen. Det er babysong stort sett kvar tysdag. Barnekorøving er anna kvar tysdag. Minst 3 onsdagar i veka er det onsdagsmøte. Siste torsdagen i månaden er det middag for eldre (Frivillighetssentralen) Annankvar fredag overtek ungdommen med Ungdommens fredagskveld. I løpet av eit år er det fleire basarar, dei er for det meste på laurdag ettermiddag. Då er huset fullt.

vindu i hellvik bedehus.jpgMål med verksemda

Ingvar takkar Gud for alle som bruker tid og krefter på å dra lasset på bedehuset. Han er også takksam for at dei har unge vaksne som er aktive. Men han saknar eit større miljø. Mange forsvinn når dei kjem opp i vaksen alder. Heldigvis finn dei ein del att som aktive i Egersund, men dei saknar dei i heimbygda. Kanskje det hadde hjelpt å gje dei ansvar i ung alder? Der trur eg generasjonane før oss var flinkare, dei ga oss ansvar alt i 15-16 årsalderen.

Eg har også stor tru på bibeltimar. Bibelkunnskap er viktig for oss alle. Vi er veldig heldige som har fått Paul Odland til å halda 8 bibeltimar på 4 kveldar i haust. Paul er ein kapasitet, som vi kan anbefala på det sterkaste.

Oppussinga

I samband med oppussinga av bedehuset fekk dei utarbeidd ein ny logo, og det vert sett inn to nye vindauge med glasmaleri mot vest (sjå bilda). Logoen er sett saman av ei fiskeskøyte og ein fisk. Fiske er sentralt på Hellvik, der mange har hatt eit yrke på sjøen. Og fisk er samstundes eit sentralt kristent symbol frå den første kristne tida. Vindauget er sentralt plassert på endeveggen mot vest. Når sola nærmar seg kveld, vert vindauga opplyste av sollyset. Det er ein andakt i seg sjølve å stå inne og sjå fargespelet i vindauga. På same måte kan dei som står ute på kvelden få sjå gjenskinet frå fargane og ljoset inne.

 

.