Eigersund Kirkelige Fellesråd

Hovedside

Aktuelle linker

Aktiviteter

Bibeltimar på Hellvik i haust

Ingvar Idsø, sept.-17

«Tal, Herre, din tenar høyrer»

Bibeltimar om SamuelHellvik ved Paul Odland.

samuel 1.jpgI haust kjem profeten Samuel i fokus i Hellvik bedehus. Sentrale tekstar i dei to bøkene i Det gamle testamente som ber hans namn, skal gjennomgåast over fire kveldar, med to timar kvar gong.

Styreleiar for Hellvik bedehus, Ingvar Idsø, ser fram til dette: - Det er noko nytt me prøver nå, som me har hatt lyst til lenge; å ha ein tråd i forkynning og undervisning. Og eg er glad for at Stavanger krets av Israelsmisjonen stiller seg bak dette, og har det same ønskjet. Samuels-bøkene rommar fleire forteljingar som me brukte mykje i sundagsskule og vanleg skule før, men som ikkje så ofte vert løfta fram nå. Eg trur det er mykje aktuelt i desse tekstane også for oss i dag. 

Det er misjonssekretær Paul Odland som skal gå gjennom Samuelsbøkene. Han seier at desse to bøkene er valde nettopp fordi dei rommar så mange spennande forteljingar, og fordi dei er utruleg kvardagsnære og dagsaktuelle. 

4. oktober 1) Innleiing og 1 Sam 1 – Hanna og Elkana
  2) 1 Sam 2 og 3 – Eli og Samuel
18. oktober 3) 1 Sam 8-15 Glimt frå Saul sitt liv  
  4) 1 Sam 16 David vert salva til konge
25. oktober 5) 1 Sam 17 David og Goliat
  6) 1 Sam 18 David og Jonathan
8. november  7) 2 Sam 9 David og Mefibosjet
  8) 2 Sam 11 og 12 David, Batseba og Natan

 

 

 

 

 


samuel 2.jpg

Sjøl om det skal skje i Hellvik bedehus, er det opne kveldar, og folk kan vera med kvar dei bur!

- Det er flott om folk kjem fleire eller alle kveldane, for me noterer ned kven som kjem, fordi me då kan søkja offentleg støtte gjennom K-stud. Paul Odland seier at det vert mest frå 1 Samuelsbok, men den fjerde og siste kvelden skal eit par sentrale avsnitt frå 2 Samuelsbok gjennomgåast.

- Gjennom desse åtte timane skal me forutan profeten Samuel sjøl, møta både Hanna, Elkana, Eli, Saul, Isai, David, Goliat, Mefibosjet, Batseba og Natan. Og fleire med. Bibeltimane er frå 19:00 til 21:00, med kort kaffepause i midten.

Velkommen! 😀 

 

.