Eigersund Kirkelige Fellesråd

Hovedside

Aktuelle linker

Aktiviteter

Hvorfor går du til gudstjeneste?

Per Arne Sandvold med Jon Stangeland, feb.-18

- For meg har det blitt ein del av livet. Mest på same måte som trimmen på Lagård om måndagskveldane. Eller slik som mange har «det faste» ein gong i veka, som dei prøver å få med seg så sant dei kan. Det er litt vane, litt ansvarskjensle, litt forventning.

Hva er det du liker best ved gudstjenesten?

- Det varierer. Stundom preika, stundom musikken. Salmesongen er viktig for meg. Eg set pris på å få syngja gamle solide salmar som eg lærte som unge. Dei har vist sin styrke gjennom generasjonane. Så har eg blitt kjent med nyare salmar etter kvart, både norske og omsette. Det har kome ein del verkeleg gode i den nye salmeboka. Elles vil eg nemna at eg har ei god stund før gudstenesta begynner, når eg blar gjennom salmeboka og ser kva salmar me skal syngja denne dagen. Det fortel noko om kva presten må ha tenkt at me skal få med oss i gudstenesta.

Er gudstjenesten noen ganger vanskelig å forstå?

- Nei, ikkje for den som har gått regelmessig til kyrkje i årevis. Men eg forstår at dei som ikkje kjem dit så ofte, kan kjenna seg desorienterte.  Eg har brukt tre ulike salmebøker og fleire salmeboktillegg gjennom mine år, og opplevd endringar i liturgiar og bibeltekstar fleire gonger. Somme mislikar alle endringane. Eg tykkjer det er spennande – om ikkje alt er etter min smak. Og grunnstrukturen er der, og i den er det mange rikdommar å oppdaga.

Mange kristne går ikke til gudstjeneste. Hva tror du er grunnen til det?

- Egersund er ein by med mange «hus», og mange har funne sin plass i eit av dei. Og det er ikkje lett å gå inn i eit framandt hus alltid. Eg merkar godt når eg kjem til ei forsamling der eg ikkje har vore før – og alle ser på meg.

Har du noen som du vil oppfordre til å komme på gudstjeneste?

- Ja, men dei vil eg ikkje nemna ved namn i avisa. Me får ta det på tomannshand når det kjennest naturleg.

wp_20180211_12_13_40_pro (2).jpg

Trives i kirken: Jon Stangeland har gjort det til en god vane å gå på gudstjeneste. Menighetsbladet takker så mye for praten!                                                                           

 

.