Eigersund Kirkelige Fellesråd

Hovedside

Aktuelle linker

Aktiviteter

Jula 2018

Anne Lise Ådnøy - konstituert biskop, des.-18

Skal du gå i kyrkja i år? Gudstenesta på julaftan utfordrar oss til å la sjela kvila i det som faktisk er: både det me gler oss over og det som ikkje vart slik me hadde tenkt. Midt i vår milde, våte vinter finst det ein torste: torsten etter å kjenna seg godteken og elska. Ta imot juleevangeliet: Gud elskar deg! Jesus er det språket Gud brukar for å fortelja oss det.

Juleevangeliet gjev næring til mange spørsmål og stor undring. Evangeliet gjev meir jo ærlegare me nærmar oss. Sanninga er at ein fødsel alltid er eit under. Når me feirar Jesu fødsel får me hjelp til å sjå at kvart menneskeliv er ei gåve. Gjennom ditt liv kan Skaparen sitt lys bli merka. Me er aller mest gjennomsiktige når me er ekte. Det er ikkje det perfekte livet som vitnar om Gud. Lyset strålar fram gjennom det livet som treng nåde og lev av kjærleik.

Englane høyrer med i juleforteljinga. Vår tid har kanskje rom for englar og det overnaturlege? Det viktigaste er likevel å våga å vera heilt til stades i sitt eige liv. Då kan du merka godleiken frå eit anna menneske, nesten som streif av ein engleveng. Då gjetarane i Betlehem vart åleine, etter at englane var borte, sa dei: Kom, la oss gå og sjå. Ingen kan leva på andre sine opplevingar. Gjer erfaringar sjølv. Sett deg i rørsle. Gå i kyrkja. Gud elskar deg som du er. Det har Jesus sagt med heile seg. God og velsigna jul!

anne lise ådnøy-001.jpg

 

.